Konsert, loddsal og musikkbingo 18.11.2025


Slåtten skulemusikk inviterer til ein kveld full av musikk, spenning og flotte premiar!

Tysdag 18. november kl. 17.30–19.30 i gymsalen på Slåtten skule 

Dette blir ein kjekk og sosial kveld for heile familien – med konsert, musikkbingo, loddtrekking, kaffi og kaker!

🎵 Musikkbingo


Musikkbingo er ein sosial og morosam aktivitet der du prøver å kjenne att låtane som blir spelte. 
Nokre av songane blir spelt live av korpset, og du samarbeider med dei du sit med for å finne ut av melodiane. 
🎫 Bingoark: 50 kr per stykk – kjøp fleire for større vinnarsjanse!
Du kan kjøpe så mange bingoark du vil, men hugs: alle må vere kjøpte før spelet startar.
Vi spelar alle tre rundar på same ark.

🎼 Reglar for musikkbingo

Bingobrettet ditt:
Du får eit brett med songtitlar.
Når ein song blir spelt, markerer du om du har songtittelen på brettet. 
Tre rundar:
  • Runde 1: Bingo på ein rad (horisontalt, vertikalt eller på skrått)
  • Runde 2: Bingo på to rader
  • Runde 3: Fullt brett
Laget:
De kan jobbe saman i grupper.
Blanda grupper med både unge og eldre kan vere ein fordel for å dekke fleire sjangrar. 
Bingo:
Når du har bingo, rop «Bingo!» og vis brettet til arrangøren for å få premie om alt stemmer. 
🎶 Lukke til, og nyt spelet!

🎟️ Loddsal


Loddsalet er no i gang! Musikantane våre går rundt i nabolaget, og vi håpar du får besøk på døra di.
Om ikkje, kan du også kjøpe digitalt via Vipps: 
📱 Vipps #130446
Merk betalinga med namn og telefonnummer, så skriv vi deg opp i loddboka. 
Pris: 10 kr per lodd
Trekning: Vinnarane blir trekte under konserten 18.11.2025 
Du treng ikkje å vere til stades under trekninga – vi ringer og informerer alle vinnarar i etterkant. 
Reglar for loddsal:
– Du kan kjøpe så mange lodd du vil.
– Jo fleire lodd du kjøper, jo større sjanse har du til å vinne.
– Også korpsmusikantar har lov til å kjøpe lodd.

💛 Kvar går pengane?


Inntektene frå både loddsalet og musikkbingoen går direkte til å støtte korpset – blant anna NM-turen til Stavanger og øvingshelga til våren.

🎁 Gevinstar


Vi har samla inn premiar for over 50 000 kroner frå generøse bedrifter og støttespelarar i lokalmiljøet.
Alle gevinstane er levert av lokale verksemder som støttar korpset – tusen takk for den gode støtta! 💛 
Eit spesielt takk går til Førde Bowling for ei flott gåve – denne har korpset sjølv valt å bruke som internpremie for musikantane våre, som konkurrerer om å selje flest lodd. 🎳

💛 Takk for støtta!

Takk for at du støttar Slåtten skulemusikk – kvar lodd og bingoark hjelper oss eit steg nærare NM i Stavanger! 💛🎶 

Her finn du oversikt over alle gevinstane:

Søk
Driftes av Styreportalen AS