Slåtten skulemusikk – eit brassband
Slåtten skulemusikk er eit brassband. Det betyr at vi speler på messingblåsinstrument og slagverk – kornett, horn, trombone, baryton, eufonium, tuba og ulike trommer og perkusjon. I motsetning til eit janitsjarkorps, har vi altså ikkje treblåsinstrument som klarinett, fløyte eller saksofon. Dette gir brassbandet ein spesiell og kraftfull klang som vi er stolte av å ta med oss på konsertar, konkurransar og 17. mai!
