Uniform og korpshettejakke
Alle som startar i hovudkorpset får utdelt uniformsjakke i riktig storleik.
- På uniformsjakka festar musikantane årsstjerner, éi for kvart år dei har vore med i korpset. Vi tel frå året dei startar i aspirantkorpset. Stjernene får ein med heim og må syast på sjølv.
- På medaljefeltet (flappen på venstre side av jakka) er det plass til medaljar. Sjå eigen bilete for korleis desse skal festast.
- Uniformsjakker skal ikkje vaskast heime! Dersom jakka blir skitten, må ein kontakte uniformansvarleg.
- Det er viktig at føresette sjekkar storleik i god tid før konsertar, opptredenar og konkurransar, slik at jakke kan bytast tidsnok om nødvendig.
- Svart bukse
- Svarte sokkar
- Svarte sko
- Kvit piqué t-skjorte
Korpshettejakke
Alle musikantar får utdelt ei blå korpshettejakke med logoen vår på. Hetterjakka kan brukast på øvingar, turar og uformelle arrangement, og gir samhald og felles identitet også når vi ikkje har uniform på.


