Kva koster det å gå i korpset?


Pris per halvår
AspirantkorpsKr.   600
JuniorkorpsKr.   600
HovudkorpsKr.  1400 

Meir informasjon og vilkår:

Hovudkorps

Prisen dekkjer:
  • Korpsøving ein gong i veka (2 timar), inkludert frukt i pausen
  • Øvingshelg
  • Deltaking i Nordvesten og NM
  • Frukt, mat og drikke under øvingshelga
  • Leige av instrument
  • Medlemskap i NMF (Norges Musikkorps Forbund)
  • Instrumentforsikring
  • Medlemsforsikring
Prisen dekkjer ikkje:
  • Transport til konkurransar
Nokre musikarar får enkeltimar på kulturskulen i tillegg til korpsøvinga. Dette kan gi raskare meistring og framgang, men er heilt frivillig og ikkje eit krav. Korpset dekkjer ikkje kulturskuleavgift.

Aspirant- og juniorkorps

Prisen dekkjer:
  • Undervisning gjennom kulturskulen ein gong i veka (kr 2 150 per semester)
  • Leige av instrument
  • Deltaking i Nordvesten korpskonkurranse
  • Medlemskap i NMF (Norges Musikkorps Forbund)
  • Instrumentforsikring
  • Medlemsforsikring
Prisen dekkjer ikkje:
  • Transport til konkurransar
Vi tilbyr to prøvetimar. Dersom ein vel å halde fram etter prøvetimane, men avsluttar før semesteret er ferdig, blir det sendt ei ekstra rekning på kr 850 for å dekkje delar av utgiftene til aspirantopplæringa. Korpset er tilknytt fritidskortordninga i kommunen. Dersom økonomien er ei utfordring, oppmodar vi dykk til å ta kontakt. Nokre aspirantar søkjer plass i kulturskulen for å få enkeltimar i tillegg til aspirantundervisninga. Dette kan gi raskare meistring og framgang, men er sjølvsagt heilt frivillig og ikkje eit krav.
Søk
Driftes av Styreportalen AS