Vil du bli med i korpset?


Slåtten skulemusikk er eit brassband for barn og unge opp til 19 år.
Alle er velkomne – uansett om du har spelt før eller ikkje. Vi hjelper deg å finne rett plass og instrument, slik at du får ein god start. Under denne teksten finn du påmeldingsskjema for aspirantar.

Korps i skulen 

På Slåtten skule har vi eit eige Korps i skulen-tilbod, i samarbeid med Sunnfjord kulturskule.
  • Alle barn i 4. klasse får gratis undervisning i skuletida på kornett eller althorn.
  • Slåtten skulemusikk stiller med instrument til alle.
  • Vi arrangerer ein rekrutteringskonsert, der 4.-klassingane får opptre saman med hovudkorpset. Her får føresette òg informasjon om mogleg vegen vidare i korpset.


Kven kan bli med?

  • Nybegynnarar: Kom som du er – vi lærer deg alt du treng å vite.
  • Barn med litt erfaring: Vi finn nivå og gruppe som passar, slik at du får utvikle deg vidare.


Kva instrument spelar vi på?

Som brassband består vi av klassiske messing- og slagverksinstrument:
  • Kornett
  • Flygelhorn
  • Althorn
  • Baryton
  • Euphonium
  • Trombone
  • Tuba
  • Slagverk (trommer, pauker, xylofon m.m.)
Her finn alle ein plass – vi hjelper deg å velje instrument når du startar.

Kva for gruppe passar for deg?

Aspirantkorps

  • Passar for barn i 4.–5. klasse.
  • Er tenkt for dei som har vore med i Korps i skulen og har lyst å fortsette – men òg for nye barn som vil prøve seg for første gong.
  • Aspirantar får saman med juniorane delta i juniorklassen på Nordvesten korpskonkurranse.
  • Påmelding for aspirantar skjer i skjemaet nedanfor på denne sida.


Juniorkorps

  • Består stort sett av 5.–6. klasse.
  • Passar for barn med litt erfaring som vil bli klare for oppstart i hovudkorpset.
  • For å trygge barna flyttar vi ofte heile gruppa samla, men av og til treng nokon meir eller mindre tid i juniorkorpset.
  • Juniorkorpset deltek saman med aspirantane i juniorklassen på Nordvesten.
  • Dirigenten avgjer når ein er klar for å flyttast vidare.


Hovudkorps

  • Består hovudsakleg av barn og ungdom frå 6. klasse og opp til 19 år.
  • Her speler vi meir avansert musikk, har fleire konsertar, øvingshelger og deltek på større arrangement – inkludert konkurransar.
  • Notar og musikk blir alltid tilpassa nivået til kvar enkelt musikant. Om ein er ny i hovudkorpset, kan det vere trygt og godt å spele 3. eller 4. stemme. Etter kvart som ein får meir erfaring, kan ein få prøve seg på 1. stemme – og kanskje til og med ein solo!
  • Vi prøver å sjå kvar enkelt unge, og gi akkurat den mengda utfordring ho eller han treng for å oppleve meistring og utvikling.
  • Hovudkorpset er eit sosialt og musikalsk fellesskap som gir både tryggleik, meistring og gode venskap.


Slik melder du deg på

  • Aspirantar: Bruk påmeldingsskjemaet under denne teksten.
  • Andre spørsmål / eldre barn / bytte av instrument: 
    Ta kontakt med oss – vi svarar raskt og hjelper deg i gang.

Ser du ikkje skjemaet? Prøv å opne i ny fane.

Søk
Driftes av Styreportalen AS