Dugnad og foreldreansvar
Arbeidsinnsats og dugnad for føresette
Slåtten skulemusikk er heilt avhengig av gode føresette som støttar opp om korpskvardagen. Heldigvis krev det ikkje mykje – og for dei fleste blir dette både sosialt og kjekt!

Foreldrevakt på øving
Kvar musikant har føresette som står oppsett som foreldrevakt på øving. Dette skjer stort sett ein gong i halvåret. Som foreldrevakt møter du litt før øvinga, hjelper til med å rigge, serverer frukt i pausen og ryddar litt etterpå.
Av og til kan foreldrevakta også bli sett opp i samband med ein øvingshelg. Oppgåvene er dei same, og det er alltid mogleg å bytte med andre om ein treng.

Køyring til Nordvesten
Ein gong i året deltek vi på Nordvesten. Då treng vi foreldre som kan bidra med køyring til og frå arrangementet.

Oppmøte på konsertar og arrangement
Vi oppmodar alle føresette til å møte på konsertar og arrangement. Det gir musikantane ekstra glede og motivasjon når salen er full av familie og støttespelarar – og det er alltid kjekt å høyre kor mykje dei har utvikla seg!

Førebuing av konsertar og basarar
Ved konsertar eller basar kan det hende vi ber foreldre bake kake eller ta med anna mat/drikke.
Til større arrangement fordeler vi ansvaret slik at alle får bidra litt – til dømes med å setje opp stolar, koke kaffi, selje kaker eller rydde. Vi passar alltid på at ingen må gjere for mykje.

Dugnad for korpsmusikantar
Når vi har basar, treng vi hjelp frå musikantane til å selje lodd. Dette er ein viktig del av dugnaden – og ofte veldig gøy for barna!

Snakk varmt om korpset
Vi set stor pris på at føresette snakkar høgt og godt om korpset – både i kvardagen og på sosiale medier. Del gjerne arrangement og invitasjonar, og hjelp oss å spreie korpsgleda til fleire! Å vere med og bidra som føresett i korpset er ikkje berre til hjelp for barna – det gir også eit godt fellesskap mellom foreldre.
Det er med andre ord ikkje mykje ein blir spurt om, og mesteparten er rett og slett gøy! 🎺🥁